Utviklingsminister Åsmund Aukrust reiser til Brasil og Chile
Nyheit | Dato: 09.07.2025 | Utanriksdepartementet
Utviklingsminister Åsmund Aukrust reiser til Brasil og Chile i perioden 14–17. juli for å styrkje samarbeidet innan forsvar av demokratiet og ein regelstyrt verdsorden, med vekt på likestilling, SRHR, LHBT+, urfolk, reform av FN, klima og antikorrupsjon.
I ei tid med auka internasjonale spenningar og tilbakeslag for demokratiske verdiar og menneskerettar er det i norsk interesse å vidareutvikle samband med land som deler våre verdiar og syn på korleis verda kan og bør styrast trygt i hamn. Brasil og Chile er slike land. Under reisa vil Aukrust møte sentrale personar frå styresmaktene, representantar for sivilsamfunn, næringsliv og urfolk.
Besøket understrekar Noregs forplikting til eit sterkt internasjonalt utviklingssamarbeid basert på partnarskap, berekraft og felles ansvar.
Presse som ønskjer meir informasjon eller å dekkje reisa blir invitert til å ta kontakt med:
Presserådgivar Laik Hanbaly, 988 777 53, laik.hanbaly@mfa.no